Barnehagane i Vågå opnar att frå måndag 20. april

Her kjem eit felles informasjonsskriv frå Vågå kommune og dei private barnehagane. I tillegg er det lenke til informasjonsbrev til foreldre frå sentralt hald og smittevernrettleiaren.

OPPSTART AV BARNEHAGANE I VÅGÅ FRÅ 20. APRIL

 

Vi viser til vedlagte infoskriv for barnehageforeldre frå Utdanningsdirektoratet. I tillegg vil dette gjelde for alle barnehagane i Vågå:

  • Opningstida blir frå 0730-1530. Dette er for å kunne innfri kravet om ein vaksen per gruppe gjennom dagen.
  • Ungane skal ha ete frokost før dei kjem i barnehagen.
  • Om ikkje anna beskjed er gitt, skal levering og henting skje ute.
  • Ungane må ha med eiga mat og frukt. Dei får mjølk i barnehagen. Det blir ikkje kravd kostpengar for perioden framover.
  • Vi understrekar det som står i rettleiaren om at ungar med luftvegssymptom ikkje skal i barnehagen, og at foreldre som har luftvegssymptom ikkje skal levere eller hente i barnehagen.
  • Alt av smittevern som er skildra i rettleiaren vil bli følgt i barnehagane i Vågå. Dette gjeld hygiene, reinhald m.m.
  • Ungane skal ha reine inneklede kvar dag.
  • Den enkelte barnehage vil gi beskjed om eiga tilpasningar i tillegg til det som er nemnt her.

 

VI GLER OSS TIL Å FÅ ATTENDE UNGANE I BARNEHAGANE😊

 

Helen Øygarden                Jorunn Linderud                           Siv Kristin Paulsen

Kommunalsjef                       Søre-Grindstugu barnehage             Lalm barnehage

 

Evy Renate Kveen            Åsta Røhr Kleiven

Tytingen barnehage              Trudelutten barnehage       

 

Informasjonsskriv til foreldre frå sentralt hald.

Smittevernrettleiaren.