Auking av smitte i regionen

På grunn av auka smitte i regionen ber vi folk vera ekstra på vakt mot smittespreiing. Vi understrekar at ein skal halde seg heime om ein er sjuk, ha lav terskel for testing ved luftvegssymptom og god handhygiene. I tillegg vil vi oppfordre alle som skal delta på større arrangement dei neste dagane om å teste seg med sjølvtest før deltaking.

Ein kan hente sjølvtest på helsesenteret i Vågå i helsesenterets opningstid, og det er ikkje nødvendig å ringe for å avtale henting. Sjølvtest er også noko som kan skaffast apotek.