Kva er tryggleiksalarm med lokaliseringsteknologi (GPS)

Tryggleiksalarm med lokaliseringsteknologi er ein tryggleiksalarm som fungerar utendørs. Tryggleiksalarmen har innebygd GPS-teknologi. Dette er ein forkortelse for global posisjoneringssystem, det vil då seia at tryggleiksalarmen sendar ut jamnlege signalar til andre personar du tillet har tilgang til å sjå kvar du er .

Dette gjer at du kan fortsetta gå turar med ei vissheit om at nokon finn deg om ikkje du finn heim, eller at du er uheldig og faller. Ofte er denne tryggleiksalarmen utforma som ei vanleg klokke. Den har moglegheit for tovegstale , og du kan trykke på den for å få hjelp når du treng det . Det er og mogleg å setja opp eit digitalt gjerde kalla Geofence. Dette gjer at du trygt kan gå i kjende område, men om kjem du utanfor dette definerte område- vil det gå ein alarm.

Responssenteret på Otta varslar så heimesjukepleia som responderar på alarmen. Dei kan da gå inn å sjå kvar du er. Etter avtale, varslar heimesjukepleia dine pårørande som da vil kunne kome og hente deg der du er. Det er og moglegheit for å sette opp ei varslingsskjede der fleire av dine pårørande kan bli varsla. 

 

GPS Anita Stokstad

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kva slags fordelar kan ein tryggleiksalarm med lokaliseringsteknologi(GPS) gje deg ?

Den tekniske løysninga kan gje deg betre tryggleik og friheit til å kunne bevege deg. Målet er å hjelpe deg til å bli så sjølhjulpen som mogleg, og at du meistrar din kvardag i størst mogleg grad sjølv. Dette kan og gje dine pårørande auka tryggleik. 

 

Kvar henvendar du deg for å få tryggleiksalarm med lokaliseringsteknologi(GPS)?

Tilbodet vert vurdert ut fra din situasjon, og kva som er viktig for deg. Når du søkjer helsetenester, skal du skildre dette i eit søknadsskjema. Du finner meir informasjon om søknadskjemaet her .

Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (PDF, 128 kB)