Dersom du har behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid, er koordinerande eining (KE) ein stad å få hjelp og informasjon frå. Eininga er ei lovfesta teneste som skal bidra til å sikre heilskaplege tilbod til deg med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering. Eininga sitt ansvar omfattar alle målgrupper, både innan somatikk, psykisk helse og rus, uansett alder og kjønn.
Om Individuell plan:
Individuell plan (IP) er et verktøy for personer med behov for langvarig og koordinerte tenester. Målet er å sikre eit godt samarbeid mellom tenestemottakar og dei aktuelle tenestane.
Sjå brosjyre frå Helsedirektoratet for meir informasjon
Om koordinator:
Du kan få koordinator sjølv om du ikkje ønskjer Individuell plan.
Koordinator skal sørge for nødvendig oppfølging av den enkelte pasient eller brukar. Koordinator skal også sikre samordning av tenestetilbodet og fremdrift i arbeidet med individuell plan.
Kva kan Koordinerande eining hjelpe deg med?
- Melding om behov for IP og koordinator kan komme frå deg som pasient/ brukar eller tenesteytar.
- Stadfeste rett til IP og medverke til at koordinator startar opp arbeidet med IP.
- Informere deg om din rett som pasient/brukar/pårørande/verge, etter lovverket.
- Gje deg oversikt over kva for tenester som er tilgjengeleg i Vågå kommune, og formidle kontakt med andre tenester som er aktuelle eller relevante i din situasjon.
- Oppnemne koordinator, uavhengig om du vil ha individuell plan eller ikkje.
Publisert av ACOS System
Sist endret 10.05.2023 13.32