Oppstartsamling for planlegging av flaumsikring

NVE har no ei to-dagars oppstartsamling i Vågåmo for planlegging og prosjektering av flaumsikring av Vågåmo. Dagen i går vart nytta til befaring langs Nugga, Finna og Vågåvatnet, medan dagen i dag blir nytta til meir inngåande fagdiskusjonar kring løysingsforslag

Oppstartsamlinga skal gi valgt konsulent, Multiconsult Norge AS med sine underleverandørar (NGI, DHI og Nils Roar Sælthun), eit godt fagleg grunnlag for det vidare arbeidet. I tillegg bidreg Vågå kommune inn i prosessen, samt Norconsult som vil bistå Vågå kommune med reguleringsarbeidet.

Før sommaren er det tenkt gjennomført grunnprøvetaking/grunnboring for å kartlegge grunnforhold. Dette vil vere viktig med tanke på valg av løysingar.

I tida framover vil du difor kunne treffe på ein del "gulkledd" personell som besøkjer oss, og som du vil kunne treffe på i terrenget, med tanke på vidare sted i prosessen mot eit flaumsikra Vågåmo.

NVE sitt oppstartsmøte om flaumsikring av Vågåmo - Klikk for stort bildeNVE sitt oppstartsmøte om flaumsikring av Vågåmo Roar Strand