Bustadpolitisk plan 2022-2025 (vedteken i kommunestyret 27.10.2022), pkt. 2:
"Det blir arbeidd vidare med å realisere bustader for utleige og salg i Grindstugu, jf. investeringstiltak i økonomiplan 2022-2025. Dette inneber kjøp av festetomt, arealplanlegging og prosjektering. Tomta er sentrumsnær og vil vera attraktiv som bustadområde for fleire målgrupper.
Det blir difor lyst ut eit ideprosjekt for maksimal utnytting av tomta, og med leilegheiter av ulik storleik. Ein del av leilegheitene skal vera rekrutteringsbustader, for å bidra til tilflytting og rekruttering av arbeidskraft.
Det må avklarast tidleg i prosessen om Vågå kommune skal stå som eigar av leilegheitene."
Vedtak i Vågå kommunestyre 25. mai 2023:
Grindstugulego - vedtak i kommunestyret 25.05.2023 (PDF, 670 kB)