Vi søkjer deg som er fagleg engasjert i svangerskaps-omsorgen. Vi ynskjer oss ein medarbeidar som vil gje tryggleik, kvalitet og gode brukaropplevingar for gravide, nybakte foreldre og barn.
Stillinga er ein del av helsestasjonstenesta med kontor i 2. etasje på Vågå Helsesenter. Vi held til i moderne og velutstyrte lokaler midt i Vågåmo Sentrum. Fastlegekontor i same bygg.
Ved helsestasjon og skulehelsetenesta har vi 3 helsesjukepleiare, barnefysioterapeut, barnekoordinator, merkantil, helsestasjonslege og tilgang på kommunepsykolog.
Ønskjeleg med oppstart 1. juni 2026
Kvalifikasjoner
- Autorisasjon som jordmor
- Erfaring fra svangerskaps- og barselomsorg er ynskjeleg, men nyutdanna oppfordrast også til å søkje
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og fleksibelt
- Gode norskferdigheiter, muntleg og skriftleg
- Førerkort klasse B
Personlige egenskaper
Vi ser etter deg som:
- Møter mennesker med tryggleik, omsorg og respekt
- Trivast både i team og med sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Er faglig engasjert
- Handtera ein variert arbeidskvardag og ser løysningar
- Er tilpasningsdyktig
- BI dreg til eit arbeidsmiljø med arbeidsglede, engasjement og inkludering
Arbeidsoppgaver
- Svangerskapsomsorg i tråd med nasjonale retningsliner
- Individuelle konsultasjonar og oppfølging av gravide og nyfødte
- Ammekyndig oppfølging og barselarbeid
- Bidra i tverrfagleg samarbeid i helsestasjonen og med øvrige tjenester
- Foreldre-førebuende kurs
- Heimebesøk og oppfølging etter fødsel
- Dokumentasjon i fagsystem Infodoc
- Bidra til kvalitetsutvikling og fagleg forbetringsarbeid
- Fokus på kvinnehelse
Personleg eignaheit vil vektleggast.
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Nærare opplysningar kan du få ved å kontakte jordmor Annhild Aassve, 41494635/epost: annhild.aasve@vaga.kommune.no. Eller tenesteleiar Liv Olasveen, 99028291, liv.olasveen@vaga.kommune.no
Søknadsfrist 20.04.26
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.