Vaskerimedarbeidar – 30% vikariat pluss tilkallingsvakter ledig frå d.d t.o.m mai 2026
Arbeidsoppgåver
- Sortering, vask, tørk og distribusjon av tøy
- Klargjering av tøy
- Handtering av smittetøy med gode hygienerutinar
- Enkelt vedlikehald og reingjering av vaskerimaskiner
- Oppretthalde eit ryddig og sikkert arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå vaskeri eller tilsvarande arbeid er ein fordel
- Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
- Strukturert, serviceinnstilt og fleksibel
- Gode rutinar for hygiene og orden
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Praktisk sans og løysingsorientert
- Nøyaktig og ansvarsbevisst
- Serviceinnstilt og samarbeidsvillig
Vi tilbyr
- Ein aktiv og variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver
- Opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn etter gjeldande tariffavtaler
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, og dei til einkvan tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. For denne stillinga vil det bli kravd politiattest, jfr. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. Vi er opptatt av mangfald og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, funksjonshemming eller etnisk bakgrunn. For alle stillingar i kommunen vil det bli lagt vekt på personleg eignaheit slik som engasjement, sjølvstendigheit, fleksibilitet og evne til samarbeid.
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 15.12.2025
For fleire opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med konstituert avdelingsleiar på Vågåheimen Berit Nilstad telefon 45343807
Velkommen som søkjer!