Støttekontakt/fritidskontakt

Har du litt tid til overs og ynskjer å gjere ein forskjell i kvardagen for nokon andre?

Vågå kommune søkjer engasjerte personar til oppdrag som støttekontakt/fritidskontakt. Som støttekontakt er du med på å støtte barn, ungdom, vaksne eller eldre som har behov for hjelp til å delta på fritidsaktivitetar. Støttekontaktordninga er ei teneste som skal medverke til å auke brukaren si oppleving av livskvalitet gjennom samvær med andre, skape ein meir aktiv kvardag og bidra til å få ei meiningsfull fritid.

Tenestemottakarane våre har ulike interesser og behov, og vi treng difor støttekontaktar i ulik alder og av begge kjønn. Du treng inga formell utdanning – det viktigaste er at du er påliteleg, har gode haldningar og eit ynskje om å vere der for andre. Vi legg vekt på å matche støttekontakt og tenestemottakar ut frå felles interesser, slik at begge partar får eit positivt utbytte av samværet og ein god relasjon til kvarandre.

I søknaden er det difor viktig at du fortel litt om deg sjølv og kva du likar å gjere på fritida.

Om oppdraget:

Eit vanleg oppdrag er på om lag 2 timar i veka, men omfanget kan variere frå person til person – enkelte har vedtak på opp til 6 timar i veka. Typiske arbeidsoppgåver vil vere:

  • Å skape glede gjennom samhandling
  • Å auke fysisk og psykisk livskvalitet
  • Å vere følgje eller hjelp til praktiske gjeremål som til dømes handling
  • Å stimulere til sosial aktivitet
  • Å medverke til nettverksbygging
  • Å følgje tenestemottakar til aktivitetar som til dømes kafè, trening, kulturtilbod eller gåturar
  • Skape tryggleik og motivasjon for å delta

 

Støttekontaktar inngår oppdragsavtale med Vågå Kommune på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regler og avtaler. Timesats for 2025 ihht Gebyrregulativet er 198- per time. Det vil bli utbetalt inntil kr 521,- i utgiftsgodtgjersle per månad etter framlagte rekningar, samt reisegodtgjersle etter statens satser. 

 

Kvalifikasjonar

  • Du må vere 18 år eller eldre
  • Du er aktiv, engasjert og god til å byggje relasjonar
  • Det er viktig at du er pålitelig og held avtalar
  • Det er inga krav til formell utdanning. Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt
  • Det er ikkje eit krav at du har førarkort og disponerer bil, men det er viktig at dette kjem fram i søknaden.
  • Politiattest må leggjast fram ved eventuelt tilbod om oppdrag

 

Korleis søkje?

Søknad for stillinga skal sendast på elektronisk søknadsskjema.

Søknadar blir vurdert fortløpande.

 

Kontaktpersonar:

Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer informasjon om tenesta. Det er høve til å få meir informasjon om ein eventuell tenestemottakar før du takkar ja til oppdraget.

Pia K. Søberg, avdelingsleiar Heimetenesta tlf.nr. 46196741 (ferie 21.07-15.08.2025) 
Siv Monika Horten, avdelingssjukepleiar Heimetenesta tlf.nr. 97052650 (ferie til og med 13.07.2025)

Hanna Bustad, Tildeling tlf.nr. 91134358

Vi ser fram til å høyre frå deg!

 

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.