Sommarjobb for ungdom under 18 år og sommarvikariat - Teknisk og reinhald

Vi vil også i år tilby sommararbeid for ungdommar mellom 16 og 18 år til diverse arbeid på kommunale eigedommar i vekene 26-33. Det vil bli delt inn i to puljer slik at kvar pulje arbeider i fire veker. 

Grøntanlegg på kommunale eigedommer:

Arbeidsoppgåver: Generelt vedlikehald av grøntareal rundt om på kommunale eigedommar. Andre enkle arbeidsoppgåver kan og vere aktuelt. Dette blir tilpassa kvar enkelt ungdom med utgangspunkt i erfaring og kunnskap.

Kyrkjegarden:

Arbeidsoppgåver: Stell av kyrkjegarden gjennom sommaren.

Nærare opplysningar blir gjeve av tenesteleiar Egil Kveen, tlf. 932 63 403, eller egil.kveen@vaga.kommune.no 

 Reinhald: 

Arbeidsoppgåver: Delta i reinhaldsarbeid på kommunale bygg. Arbeidsperiode: veke 26 – 33 

Nærare opplysningar blir gjeve av leder for reinhaldsgruppa Tea Myrum, tlf.: 904 01 350

For alle stillingane: 
Vi ber deg varsle i søknaden dersom du ikkje er ledig for arbeid i heile perioden. Skriv også kvar du ønskjer å arbeide. Eventuell relevant praksis skal opplysast i søknad. 

Søknadsfrist: 01.05.26

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

 

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.