Vi har fylgjande ledige stillingar frå dd:
- 3 x 100% fast stilling som sjukepleiar, for tida ved Vågåheimen på dag og kveld (stillingsprosenten kan etter avtale liggje mellom 50- 100%)
- 1 x 66% fast stilling som sjukepleiar, for tida ved Vågåheimen på natt.
- 2 x 100% fast stilling som sjukepleiar, for tida ved Heimetenesta på dag og kveld (stillingsprosenten kan etter avtale liggje mellom 50-100%)
- 1 x 80% vikariat som sjukepleiar, for tida ved Heimetenesta på dag og kveld – ett år med moglegheit for forlenging
- 1x 100% vikariat som sjukepleiar, for tida ved Heimetenesta på dag og kveld – ett år med moglegheit for forlenging
- 1 x 100% som sjukepleiar, kombinasjonsstilling Vågåheimen og Heimetenesta, på dag og kveld (stillingsprosenten kan etter avtale liggje mellom 50- 100%).
Helgefrekvens er per dags dato kvar 3. helg, men med moglegheit for å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til 3-delt turnus.
Tenesteområdet har felles nattevaktsteam, der 3 tilsette er stasjonert ved Vågåheimen og 1 er stasjonert i heimesjukepleia. Desse 4 har tilhaldsstad ved Vågåheimen.
Arbeidsoppgåver:
- Ordinære oppgåver ut frå profesjon som sjukepleiar, anna relevant utdanning
- Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp
- Samarbeid med pårørande og andre
- Ansvarsvakt for sjukepleiarar
- Dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar er ein fordel, men annan relevant 3- årig høgskuleutdanning kan verte vurdert
- Søkjarar som har starta på sjukepleiarutdanning eller som skal starte på sjukepleiarutdanning i 2025 blir også vurdert og oppmodast om å søkje.
- Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt
- Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
- God fagleg innsikt og tryggheit
- Søkaren lyt ha førarkort klasse B.
Eigenskapane dine:
- Fagleg engasjert
- Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig
- Kreativ og endringsorientert/-viljug
- Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner
- Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar til det beste for fellesskapet
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Fleksibel og lojal
Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt
Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Vi tilbyr:
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
- Arbeid i tverrfagleg team
- Kompetanseheving og fagleg utvikling
- Eit godt fagmiljø, dyktige og rutinerte kollegaer
Meir informasjon om tenesta:
Dagens Heimeteneste organiserar heimesjukepleietilbod, heildøgns omsorgsbustadar og dagtilbod for personar med demens. På Vågåheimen er det korttidsplassar, langtidsplassar, demensomsorg og aktivitetssenter.
Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med byggjeprosjekt ved Vågåheimen, auka fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving til våre tilsette. Vi har stort fokus på å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Venlegast informer i søknaden om du kva for stillingar du eventuelt søkjer på og om du søkjer ved Vågåheimen, Heimetenesta eller begge.
Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar.
Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er.
Søknad
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 17.08.2025
Nærmare opplysningar rundt stillingane blir gjeve av:
Konstituert avdelingsleiar Vågåheimen, Berit Nilstad, berit.nilstad@vaga.kommune.no , tlf 453 43 807
Avdelingsleiar Heimetenesta, Pia K. Søberg: pia.soberg@vaga.kommune.no , tlf 461 96 741
eller
Tenesteleiar Helse- og omsorg, Hanne Stokke Moen: hanne.stokke.moen@vaga.kommune.no ,
tlf 948 65 287
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.