Ledig stilling lærarvikar ved Vågåmo skule
Stillingsstorleik inntil 100%, kan vere aktuelt med fleire vikariat i ulike storleikar.
Oppstart snarast mogleg og til skuleslutt 19.juni 2026.
Vi søkjer engasjerte og dyktige lærarar som brenn for elevane si læring og trivsel. Som lærar hjå oss vil du bidra til å skape eit trygt, inkluderande og motiverande skulemiljø for alle elevar.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge og gjennomføre variert og fagleg forankra undervisning.
- Samarbeid med kollegaer om undervisning og aktivitetar.
- Kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon.
- Delta aktivt i utviklingsarbeid og fagleg oppdatering.
Kvalifikasjonar:
- Pedagogisk utdanning for å bli tilsett i lærarstilling, anna kompetanse kan blir vurdert.
- Erfaring frå barnesteget er ønskjeleg, men ikkje krav.
- Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar:
- Du er varm, inkluderande og ser den enkelte.
- Du utøver tydeleg klasseleiing og har gode didaktiske ferdigheiter som fremjar elevane si læring.
- Du har god samarbeidsevne, samt du kan arbeide sjølvstendig.
- Du er stabil og robust, og har evne til å handtere utagerande åtferd, stress og uforutsette hendingar på ein trygg og profesjonell måte.
- Du har høg arbeidskapasitet.
Søknadsfrist 04.02.2026
For spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med:
Rektor Anita Hølmo på tlf: 481 57 063 eller e-post: anita.holmo@vaga.kommune.no
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Referansar vil bli nytta, og dei søkjarane som blir vurdert som aktuelle vil bli kalla inn til individuelle intervju.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Publisert av Linda Røe
Sist endret 21.01.2026 13.30