Helsefagarbeidar eller ønskje om å bli helsefagarbeidar i Helse og omsorg?

Vi har stort fokus på å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad.  Derfor ser vi etter deg som anten  er autorisert helsefagarbeidar (hjelpepleier, omsorgsarbeidar) eller som har starta eller startar på helsefagutdanninga i 2025.

Vi har ledige stillingar, både faste og vikariat, som etter avtale kan ligge mellom 50 og 100% stilling. Så her er det mogleg å finne ein stillingsstorleik som passar livet ditt! 
Fleste parten av stillingane har arbeid i turnus på dag og kveld, men vi har også ledig på natt om du ønskjer det!

Ser du etter helgestilling? Vi har nokre mellombelse stillingar for deg som ønskjer å prøve ut dette (14-22%) 😊  

 Arbeidsstad er for tida Vågåheimen, Heimetenesta eller ein kombinasjon. 

 

Helgefrekvens er per dags dato kvar 3. helg, men med moglegheit for å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til 3-delt turnus.

Tenesteområdet har felles nattevaktsteam, der 3 tilsette er stasjonert ved Vågåheimen og 1 er stasjonert i heimesjukepleia. Desse 4 har tilhaldsstad ved Vågåheimen.

 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Ordinære oppgåver ut frå profesjon som helsefagarbeidar
  • Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp
  • Samarbeid med pårørande og andre
  • Dokumentasjon

 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar er ein fordel
  • Søkjarar som har starta på helsefagutdanning eller som skal starte på helsefagutdanning i  2025 blir også vurdert og oppmodast om å søkje.
  • Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt
  • Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
  • God fagleg innsikt og tryggheit
  • Søkaren lyt ha førarkort klasse B. 


Eigenskapane dine:

  • Fagleg engasjert
  • Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Kreativ og endringsorientert/-viljug
  • Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner
  • Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar til det beste for fellesskapet
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel og lojal

 

Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt

 

Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.

 

Vi tilbyr:

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Kompetanseheving og fagleg utvikling
  • Eit godt fagmiljø, dyktige og rutinerte kollegaer

 

 

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Venlegast informer i søknaden om du kva for stillingsstorleik du ønskjer, og om du eventuelt søkjer på natt- eller helgestilling.  

Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er.

 

 

 

Søknad

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

 

Søknadsfrist: 17.08.2025

 

Nærmare opplysningar rundt stillingane blir gjeve av:

Konstituert avdelingsleiar Vågåheimen,  Berit Nilstad, berit.nilstad@vaga.kommune.no , tlf 453 43 807

Avdelingsleiar Heimetenesta, Pia K. Søberg: pia.soberg@vaga.kommune.no , tlf 461 96 741

eller

Tenesteleiar Helse- og omsorg, Hanne Stokke Moen: hanne.stokke.moen@vaga.kommune.no ,

tlf 948 65 287

 

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

 

Litt meir informasjon om Helse og omsorg:

Helse og omsorg består av Heimetenesta og Vågåheimen. Dagens Heimeteneste organiserar heimesjukepleietilbod, heildøgns omsorgsbustadar og dagtilbod for personar med demens. På Vågåheimen er det korttidsplassar, langtidsplassar, demensomsorg og aktivitetssenter. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med byggjeprosjekt ved Vågåheimen, auka fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving til våre tilsette.

 

 

Kontakt

Pia Katrine Søberg
Avdelingsleiar Heimetenesta
Mobil 970 52 651
Hanne Stokke Moen
Tenesteleiar helse og omsorg
Mobil 948 65 287