Om Miljøterapitenesta
I Miljøterapitenesta arbeider vi med menneske både over og under 18 år med psykisk utviklingshemming. Vi legg vekt på målretta miljøarbeid slik at kvar enkelt brukar kan oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Arbeidsoppgåver vil vere:
- Miljøarbeid og praktisk bistand
- Aktivisering og rettleiing
- Turnusarbeid
Vi søkjer deg som
- Har fylt 18 år ved oppstart (eller fyller 16 år i 2026)
- Vil arbeide med folk og bidra til meistring og trivsel
- Er fleksibel, ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og har godt humør
- Fortrinnsvis kan arbeide i heile perioden (ønskje om eventuelle fridagar i perioda opplysar du om i søknaden)
- Har eit hjarte for menneske og eit auge for gode løysingar.
- Kommuniserer godt på norsk bade munnleg og skriftleg (minimum nivå B1).
- Har plettfri vandel og kan levere politiattest.
- Førarkort klasse B er ein fordel
- Erfaring er fint, men ikkje nødvendig
- Helse-/sosialfagleg utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi kan tilby
Du får ein jobb der du faktisk gjer dagen betre for andre.
God opplæring og støtte frå dyktige kollegaer.
Varierte oppgåver og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Bonusordning etter fullført vikariat.
Bur du ikkje i området? Sei frå så sett vi deg i kontakt med moglege overnattingsmoglegheiter.
Praktisk informasjon
Søknad skal sendast på elektroniske søknadsskjema.Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: Vi tilsetjer fortløpande fram mot sommaren.
Spørsmål?
Kontakt avdelingsleiar Bente Rannstad Haugen. Telefon: 93 60 45 08 /E-post: bente.rannstad.haugen@vaga.kommune.no
Vågå kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Merk: Søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i så fall bli varsla på førehand.
Om Vågå kommune
Vågå ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein triveleg handelsstad med godt servicetilbod. Vågå har ca. 3 550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit rikt kulturliv.