Kvifor velje oss?
- Du får ein jobb der du faktisk gjer dagen betre for andre.
- God opplæring og støtte frå dyktige kollegaer.
- Varierte oppgåver og eit inkluderande arbeidsmiljø.
- Bonusordning etter fullført vikariat.
- Bur du ikkje i området? Sei frå så sett vi deg i kontakt med moglege overnattingsmoglegheiter.
- Ordna arbeidstid og gode vilkår etter gjeldande tariffavtale.
Her kan du bidra i Helse og omsorg:
Vågåheimen
Institusjon: Her gjev du heildøgnspleie, omsorg og tryggleik til bebuarar med ulike behov – der du blir ein viktig del av kvardagen.
Institusjonskjøken: Her er du med på å lage god og næringsrik mat til bebuarar og brukarar av tenesta. Vi har både kantinedrift og produksjonskjøkken.
Avdelingsvert/ ung arbeidstakar: Er du mellom 16- 18 år og ynskjer ein meiningsfull sommarjobb? Her vert du ein del av kvardagen ved institusjonen, og vil bidrege med enkle- men viktige oppgåver for institusjonsdrifta. Du vil m.a. hjelpe til under måltid, gjere trivselstiltak, rydde/ servere m.m. Arbeidet kan kombinerast med oppgåver innan pleie og omsorg for bebuarane.
Heimetenesta
Heimesjukepleie: Ynskjer du å arbeide sjølvstendig ute hjå brukarar og hjelpe dei med å bu trygt heime. Her vil du få ein variert og ansvarsfull kvardag.
Heimehjelp/ praktisk bistand: Du hjelp personar med praktiske gjeremål i heimen. Dette er dagarbeid i vekedagane som og kan kombinerast med turnus i heimesjukepleia.
Dagtilbod for heimebuande med demens/ dagtilbod for heimebuande eldre: Her er du med og skapar sosiale møteplassar, aktivitetar og trivsel for brukarar. Dette er dagarbeid på vekedagar som og kan kombinerast med turnus i heimesjukepleia.
Hjelpemiddelkontakt/sjåfør: Her får du ein givande jobb med å hente/ bringe brukarar av dagtilboda i tenesta, montering og distribusjon av hjelpemiddel/ velferdsteknologi m.m.
Vi ser etter deg som:
- Har eit hjarte for menneske og eit auge for gode løysingar.
- Er fleksibel, positiv og klar for å ta ansvar.
- Kan bidra til meistring og trivsel
- Har fylt 18 år (eller 16 år for unge arbeidstakarar).
- Kommuniserer godt på norsk (min. B1).
- Har plettfri vandel og kan levere politiattest.
- Førarkort klasse B for enkelte stillingar.
- Erfaring er fint, men ikkje nødvendig
- Helse-/sosialfagleg utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.
Ønskjer om eventuelle fridagar I perioda opplysar du om I søknaden, og seinast innan 1.april.
Send oss ein søknad – og bli med på laget!
Søknad skal sendast på elektroniske søknadsskjema.Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: Vi tilsetjer fortløpande fram mot sommaren. Om det er ein spesiell plass du vil arbeide anbefalar vi deg å så søkje så snart som råd.
Spørsmål til stillingane kan rettast til:
Vågåheimen, konstituert avdelingsleiar Berit Nilstad, Berit.Nilstad@vaga.kommune.no, mobil: 45343807
Heimetenesta, avdelingsleiar Pia Søberg, Pia.Soberg@vaga.kommune.no, mobil: 46196741
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.