Villreinarven – stimuleringsmidlar til tiltak for barn og unge

Villreinarven er eit prosjekt i regi av Gudbrandsdalsmusea, og inngår i Miljødirektoratet si nasjonale satsing «Villreinarven som verdiskapar». Målet med prosjektet er å styrke kunnskapen og interessa for vill- og tamrein, og for natur- og kulturarven knytt til reinfjellet – særleg blant barn og unge.

I 2025 blir det lyst ut stimuleringsmidlar til tiltak som kan bidra til læring, formidling og opplevingar som gir auka forståing for naturen, kulturen og historia knytt til reinen.

Kven kan søkje?

  • Skular
  • Barnehagar
  • Lag og foreiningar
  • Private verksemder

Tiltaka må vere retta mot barn og unge i Nord-Gudbrandsdalen.

Kva kan det søkjast støtte til?

Det kan søkjast om støtte til aktivitetar og tiltak som fremjar kunnskap eller opplevingar knytt til rein og fjellets verdiar, til dømes:

  • Foredrag, kurs eller formidlingsopplegg
  • Produksjon og publisering av materiell
  • Kjøp av varer og tenester til kulturelle eller pedagogiske aktivitetar
  • Innleige av fagpersonar, inspiratorar eller formidlarar
  • Transport og utgifter til ekskursjonar, studieturar eller feltarbeid

 Rammer for tildeling

  • Det kan søkjast om inntil kr 10 000,- per søknad
  • Midlane blir tildelt i sin heilskap i 2025
  • Tiltaka må vere gjennomførte innan 15. juni 2026
  • Det blir lagt vekt på lokal og regional forankring, og på tiltak som involverer barn og unge aktivt

 Søknadsfrist og rapportering

Søknaden skal vere kort og oversiktleg, og innehalde:

  • Kort beskriving av tiltaket og målgruppe
  • Kva det blir søkt støtte til
  • Kontaktinformasjon til ansvarleg søkjar

Søknaden skal sendast på e-post til: anne@nordveggen.no
 

Frist for innsending: 1. desember 2025

Etter gjennomført tiltak skal det sendast ei kort oppsummering (inntil éi side), gjerne med bilete, elevbidrag eller anna dokumentasjon som viser korleis midlane er brukt. Rapporten skal sendast til same e-postadresse seinast 10 dagar etter tiltaket.