VIKTIG MELDING - EKSTREMVÆRET HANS

Som fleire har fått med seg er det venta omfattande nedbør i vårt område dei neste døgna. Fleire av våre bekkar og vassdrag kan kome til å gå utover sine bredder og vi ber derfor alle ta bort eller sikre alt som er i nærleiken av vassdrag.

I tillegg ber vi alle vere merksame på tilstopping av stikkrenner og liknande og ber om at alle gjer ein innsats for å halde vassvegar opne.

Det som ventar oss neste døgna kan bli svært krevjande og det kan kome nye meldingar frå Vågå kommune om situasjonen og eventuelle ytterlegare tiltak.

Det er venta ekstremt mykje nedbør i deler av Sør-Norge. Ta forhaldsreglar og følg råd frå myndigheitene.  Meir informasjon her:  www.yr.no/nb/ekstrem/hans 

Extremely heavy rain is expected in parts of South Norway. Take precautions and follow the advice from emergency authorities! Carefully consider whether the journey is necessary. Information in English: https://www.yr.no/en/extreme/hans