Friskus er ein digital plattform der innbyggjarar i alle aldrar enkelt kan finne informasjon om aktivitetar og tilbod i nærmiljøet. Plattforma er gratis å bruke for alle lag og foreiningar, og gir ei unik moglegheit til å synleggjere arrangement og aktivitetar. I Vågå ønskjer vi òg å inkludere næringslivet, og oppmodar bedrifter til å dele sine arrangement på plattforma.
Målet med workshopen var at deltakarane skulle få oppretta si eiga arrangørside på vaga.friskus.com, og kome i gang med å leggje ut aktivitetar. Gjennom denne sida kan arrangørar presentere tilbodet sitt, rekruttere frivillige og styrkje tilknytinga til lokalsamfunnet.
Vi er svært nøgde med opplegget Friskus leverte, og har stor tru på at aktivitetskalenderen vil bli eit nyttig verktøy for både arrangørar og innbyggjarar.
Fekk du ikkje deltatt på workshopen, men ønskjer ei kort innføring? Ta gjerne kontakt med superbrukarane i Vågå kommune – vi hjelper deg gjerne i gang!
workshop i Friskus
Vågå kommune