Velkommen til tilflyttartreff i Skjåk, Lom og Vågå 13. mars!

Har du flytta til Skjåk, Lom eller Vågå i løpet av 2025? Då ønskjer vi deg hjarteleg velkommen til årets tilflyttartreff fredag 13. mars – ein hyggeleg og uformell møteplass for nye innbyggjarar i Ottadalen. 

I fjor samla vi nær 100 deltakarar til bords, og vi håpar at like mange nye sambygdingar ønskjer å vere med i år òg. Tilflyttartreffet er ein flott sjanse til å møte andre som nyleg har slått seg ned i regionen, bli betre kjent og knyte nye kontaktar.

Program for kvelden

17:30

Omvising i Lom stavkyrkje (valfritt)

  • Bli med på ei unik omvising i den historiske stavkyrkja midt i Lom sentrum.

19:00

Middag på Fossheim Hotell

  • Vi samlast til ein triveleg middag, med påfølgjande kaffi, kaker og quiz. Her legg vi vekt på god stemning og låg terskel – dette er ei sosial samling for alle aldrar.

Du vel sjølv om du vil vere med på både omvising og middagen, eller berre delar av programmet.

Har du ikkje fått invitasjon?

Alle som har meldt flytting til ein av dei tre kommunane i 2025 skal ha fått skriftleg invitasjon i posten.
Dersom du ikkje har motteke invitasjon, har spørsmål eller ynskjer å melde deg på kan du ta kontakt med Hege i Lom kommune. 

Frist for påmelding: 5. mars

Hugs å gi beskjed om eventuelle allergiar, og om det kjem med barn. 

Om prosjektet Bli hjå oss

Tilflyttartreffet blir arrangert av Bli hjå oss – eit felles prosjekt for Skjåk, Lom og Vågå som arbeider for å gjere kommunane endå meir attraktive for nye innbyggjarar. Prosjektet jobbar med å bygge nettverk, gode møteplassar og ønskjer at alle som vel å flytte hit skal kjenne seg velkomne, sett og godt ivaretekne.

Kontakt

Hege Olimb Myhre
Bygdeutviklar og bustadkonsulent
Mobil 453 12 269