Velkome til ope dag i Lalm barnehage

Laurdag 12. februar, frå kl 10.00 - 11.30, held Lalm barnehage ope dag for nye søkjarar frå hausten 2022.

På ope dag blir du møtt av Kari Strangstad, pedagogisk leiar på Goliat (3-6 år), Silje Rohaugen Jonsen, pedagogisk leiar på Knærten (0 -3 år) og Siv Kristin Paulsen, styrar

For dykk foreldre som ikkje kjenner til Lalm barnehage er dette ei fin moglegheit til å få eit innblikk i kor fine lokale barnehagen har, som var ny i 2008. Barnehagen har gode ljose lokale og stor plass som  både store og små trivst godt i.

Lalm barnehage er ein to-avdelingsbarnehage: Knærten 0 - 3 år og Goliat 3 - 6 år. Vi har ein stabil personalgruppe med ein pedagogisk leiar på kvar avdeling og ein barnehagelærar i 40% stilling på Knærten. I tillegg til pedagogane arbeider det både barnepleiarar og barne- og ungdomsarbeidar i barnehagen. Vi har faste vikarar som vi bruker gjennom heile året.

Barnehagen ligg under same tak som skulen. I og med at skulen og barnehagen ligg så tett i tett blir det noko samarbeid, t.d. elevar som les for barnehageungar, leik ute/inne, felles måltid, ulike framsyningar for kvarandre, fadderopplegg.

Uteområdet vårt er vi veldig stolte av. Vi bur midt i skogen, men samstundes midt i sentrum av Lalm. Vi har ljosløype rett utanfor døra, stor og flott ballbinge, handballbane, fotballbane, klatrestativ, husker, fin akebakke og mykje meir. Vi har eit inngjerda uteområde til dei minste i barnehagen. Det er kort avstand til idrettsplass, lavvo, gapahuk, ishockeybane og skogsområde. Vi disponerer også det lokale samfunnshuset så mykje vi vil gjennom heile barnehageåret.


MILJØ OG BEREKRAFT

Frå hausten 2021 har Lalm barnehage arbeidd med fokusområdet: Miljø, natur og berekraft. Vår tanke er at vi må ta vare på det vi har rundt oss av ressursar og ikkje bruke meir enn det vi treng slik at det blir nok ressursar att på jorda til generasjonar som kjem etter oss.  

Jordas befolkning overforbruker jordas ressursar, og her må vi alle bidra til ei endring. Som enkeltindivid kan vi ikkje sjølve gjere store endringar for miljøet vårt, men vi kan tenkje at «ein kan ikkje gjere alt, men alle kan gjere litt».

"Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det" (Rammeplan 2017 )

Kjem du til oss på ope dag laurdag 12.februar skal du få veta mykje meir om barnehagen vår.

Vi har ei facebookside, Lalm barnehage, der det er lagt ut mykje frå barnehagekvardagen vår. Ta ein titt så blir du betre kjent med oss.

Helsing

Oss ved Lalm barnehage