Vegetasjon og trafikktryggleik

Alle grunneigarar blir oppmoda om å klippe greinar og kvist som heng ut i vegbana, samt hekkar og buskar på eigen eigedom som hindrar sikt.

Vegetasjon som hindrar sikt kan føre til farlege situasjoner i trafikken. Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippe hekker og busker på eigedomane sine – av hensyn til eigen og andres sikkerhet. 
 
Høge, tette hekkar ved avkjørsler eller store greiner som heng ut i vegkryss gjer det svært uoversiktlig for både bilistar, syklistar og gåande. 
 
Kommunen og Statens vegvesen har og ein jobb med å rydde ved trafikkskilt som i mange tilfeller har blitt tildekt av vegetasjon i løpet av sommaren.
 

Klipp hekken

Å sørge for fri sikt langs vegane er så viktig at ansvarsforholda er nedfelt i vegloven. Det er du som bur langs vegen som er ansvarleg for å klippe hekk og busker på eigedomen din slik at det er god sikt ved vegkryss og ved avkjørslar. Mange må også krysse gang- og sykkelvei for å kjøre ut på bilvegen. Da er det spesielt viktig at hekkar, tre eller gjerde ikkje hindrar sikt, slik at du oppdager andre trafikanter i tide til å stoppe.
 

Maks ein halv meter høy hekk

Når du står fire meter inn i avkjørselen din skal du ha minst 20 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelveg. Hekk og gjerde skal heller ikkje vere høgare enn 50 centimeter ved avkjørselen din. 
 

Kontakt

Gunn Oddveig Rindhølen Sveen
Ingeniør kommunal veg
Mobil 416 70 647