Vaksinering mot influensa og korona

Ønskjer du å ta både influensavaksine og koronavaksine på same dag, så er det mogleg.

Dei aktuelle datoane for vaksinering er måndag 30. oktober og fredag 10. november. Båe dagar kl 13.00 - 15.00 og vaksineringa vil foregå på kulturhuset.

Vaksineringa gjeld personar over 65 år, og i tillegg dei som er i risikogruppa (dvs alle aldersgrupper) med undarliggande sjukdomar som hjartesjukdom, lungesjukdom, kreftsjukdom, diabetes og dei som har immundempande behandling.

Influensavaksina kostar kr 200. Koronavaksina er gratis.

Du kan betale med VIPPS eller via bankterminal. Det vil ikkje vere mogleg å betale med kontantar.

Du må vente 20 minutter etter vaksinering.