Vågå kommune søkjer etter mannskap til kommunalt skadefellingslag

Vågå kommune er med i prosjektet "Berekraftig sameksistens mellom sau og jerv i utmark" saman med kommunane Lesja, Dovre, Skjåk og Lom. På grunn av omorgansiering blir det no søkt etter leiar, nestleiar og annna mannskap i alle kommunane. Det er ikkje ei fast tilsetting, men medlem av skadefellingslag signerer ei tidsbestemt oppdragasavtale. Tidlegare medlem blir oppfordra til å søkje. Kvar kommune skal ha sitt  eige skadefellingslag som er organisert i eit interkommunalt samarbeid. I hovudsak vil mannskap rykke ut i eige kommune, men det må kunne påreknast arbeid på tvers av kommunar når det er hensiktsmessig.

Nøkkelkvalifikasjonar:

  • Årleg godkjend lisensjegar
  • Erfaring frå jakt, gjerne rovdyrjakt
  • God fysisk form
  • Gode samarbeidsevner, må ha evne til å utføre oppdrag i samsvar med fellingsløyve og etter instruks frå fellingsleiar
  • Vere ein god lagspelar
  • Ubekvem arbeidstid må kunne påreknast
  • Det er ein fordel å kunne bruke Garmin og Tracker hundepeilersystem, samt anna digitale verktøy i samband med utkalling og timeregistrering. Blir gjeve opplæring i dette.

 

Kva går oppdraget ut på:

Oppdragstakar tek på seg å inngå i mannskap for kommunalt fellingslag for store rovdyr. Oppdragstakar forplikter seg til å vere operativ for deltaking på fellinsforsøk gjennom oppdragsperioden. Oppdragstakar forplikter seg til å bidra i fellingsforsøk utover eigen kommune. Det er berre på anmodning frå oppdragsgjevar at mannskap kan iverksette oppdrag. Dersom mannskap på frivillig basis tek på seg å delta i fellingsforsøk, har ikkje oppdragsgjevar plikt til å godtgjere dette eller stå ansvarleg for deltaking. 

Oppdragstakar må rekne med å jobbe sjølvstendig, men alle oppdrag skal koordinerast gjennom leiar eller nestleiar av laget. Det er leiar eller nestleiar som skal halde kontakt med oppdragsgjevar og Statsforvalteren.

 

Stadfesting:

Oppdragstakar forpliktar seg til følgjande:

  • Delta på pliktige møter og prioritere deltaking på eventuelle kurs
  • Delta på fellingsoppdrag utover eigen kommune
  • Deltaking frå oppdragsgjevar skal prioriterast høgt, spesielt ved ettersøk
  • Følgje instruks og gjere seg kjend med informasjon utsendt frå oppdragsgjevar
  • Vere registrert lisensjegar for gjeldande år og medbringe lisens under fellingsforsøk
  • Løyse jegeravgift og vere registrert i Jegerregisteret 2023
  • Avlegge årleg skytprøve for storviltjakt før deltaking på fellingsforsøk
  • Disponere eiga jaktrifle med kaliber godkjend for storviltjakt
  • Oppdragstakar skal ikkje uttale seg offentleg om forhold som gjeld fellingsforsøk. Ved spørsmål frå media skal det visast til leiar eller ein annen oppnemnd person
  • Oppdragstakar har taushetsplikt i henhald til forvaltningsloven §13 a-f

 

Varigheit:

Oppdragsavtale gjeld frå og med 1.5.2023 til og med 31.4.2028. Oppdragsavtala gjev ikkje rett til noverande eller anna framtidig arbeid i kommunen. Avtala kan seiast opp av begge partar med ein månads varsel.

Godtgjering:

Det blir godtgjort etter medgått arbeidstid, rekna frå utreise til heimkomst. Godtgjering sesong 2023 er ikkje fastsett per i dag.

Søknadsfrist: 15. februar 2023

Søknad sendast til: postmottak@vaga.kommune.no

Skriv i søknaden kva for rolle du søkjer på. Det held med ein stuttfatta søknad. 

For spørsmål kontakt Laila Nersveen e-post: laila.nersveen@vaga.kommune.no mob: 48069256.

Kontakt

Laila Nersveen
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 480 69 256