Vågå kommune ønskjer å leige hus og/eller leilegheiter
Vågå kommune søkjer bustader til nye tilsette
Vågå kommune rekrutterer no nye medarbeidarar til stillingar innan helse og meistring. Nokre av dei som kjem til oss bur langt unna Vågå, og vi har difor behov for fleire bustader i gangavstand til sentrum.
Både hus og leilegheiter kan vere aktuelle. Vi ønskjer kontakt med deg som har høve til å leige ut i minst 12 månader. Ta gjerne kontakt med kommunalsjef Thomas Rannstad Haugen:
Publisert av Linda Røe
Sist endret 29.12.2025 12.24