Vågå Dågå 2021

Vågå Dågå 2021 blir i år den 12. juni. Då arrangerer Vågå Dågå-komiteen aktivitet, mellom anna ved kommunehuset i Vågå. I tillegg skal komiteen vere med og leggje til rette for aktivitetar gjennom heile sommaren i Vågå.

Komiteen i 2021 består av:

  • Tonje Eilin Ulsletten, representant for næringslivet
  • Ola Grøsland, representant Vågå musikkråd
  • Terje Kleiven, representant Vågå idrettsråd
  • Dag Aasheim, representant lag og organisasjonar
  • Mona Sveen, kulturkontoret Vågå kommune

Kulturkontoret er ansvarlege for å lage ei oversikt som blir distribuert til alle husstandar, "Sommar i Vågå".

Har du eller ditt lag/foreining eit arrangement de vil skal vere med i denne oversikta, send ein mail til mona.sveen@vaga.kommune.no eller stein.holen@vaga.kommune.no

Frist for attendemelding 15. mai