Vågå bibliotek fekk kr 20.000,- av DNB til å starte sjakkprosjekt

DNB si stifting GODE TILTAK har tildelt kr 20.000,- til Vågå bibliotek for å kjøpe inn utstyr til prosjektet "Sjakk på biblioteket."

Frå januar 2020 og fram til våren skal vi ha sjakkkurs og turneringar på Vågå bibliotek. Biblioteket er prosjektleiar, og til å undervise har vi dyktige skjakkentusiastar. 

Kurset er ope for barn og ungdommar frå 3. - 10. steg.

Vi tenker å starte opp med nybegynnarene. Dei som er litt meir øve i spelet kan bli med etter kvart. Det vil vere kurs annakvar tysdag frå 18.00-19.30, og vi startar opp så snart vi har fått utstyret på plass (ila januar.) Ta kontakt med biblioteket viss du vil melde deg på! Vi gler oss til å bli rågode i sjakk på biblioteket!

Kontakt

Ademir Talakic
Biblioteksjef
Telefon 902 29 550
Mobil 948 80 921
Gro Dybvik
Bibliotekassistent
Telefon 902 29 550
Mobil 928 63 525