Trudelutten barnehage legg ned drifta

Vågå kommune har fått melding frå Trudelutten barnehage om at dei avviklar barnehagedrifta sommaren 2022.  Det vil seia at barnehagen ikkje vil vera i drift frå barnehageåret 2022/2023.

Alle som alt har søkt barnehageplass og som har sett opp Trudelutten barnehage som eit av sine val, må søkje på nytt og setje opp andre alternative prioriteringar i dei tre andre barnehagane. Dette gjeld også dei som går i Trudelutten barnehage per dags dato.

Vågå kommune skal ivareta sitt ansvar for å oppfylle retten til barnehageplass, og vil gje eit tilbod om plass i ein av barnehagane i Vågå frå barnehageåret 2022-2023 til alle barn med rett til barnehageplass. 

Søknadsskjema under www.vaga.kommune.no med frist 1. mars 2022.