TREseminaret på Dovre 2026 - Vågå kommune

TREseminaret på Dovre 2026

Tre, tradisjon og handverksglede står i sentrum når TREseminaret igjen inviterer til ei heil veke med kurs, foredrag og aktivitetar på Hjerleid på Dovre 20.–26. april 2026

20.–26. april 2026 blir TREseminaret arrangert på Hjerleid på Dovre. I over 20 år har seminaret vore ei sentral møteplass for alle som er interesserte i tradisjonelt trearbeid, handverk og berekraftig forvaltning av skog og natur.

TREseminaret er i dag leiande i sitt slag og tilbyr eit breitt spekter av kurs innan tradisjonshandverk. Her kan du mellom anna lære korgmaking, lafting, treskjering, lyremaking, reparasjon av pinnestolar, materiallære og restaurering av vindauge. Kursa varierer i lengd frå éin dag til heil veke, og går føre seg på dagtid ved Hjerleid Handverksskole.

Ettermiddag og kveld byr på foredrag, faglege møtepunkt og sosiale samver, i tillegg til kulturinnslag som kyrkjeturar i Nord-Gudbrandsdalen, gardssafari og konsert i Dovre kyrkje. Lunsj og middag er inkludert i kursavgifta.

Laurdag 26. april blir Barnas TREseminar og Handverksdag arrangert i Bygningshistorisk park. Her får born og unge prøve seg på praktisk handverk og bli kjende med tre, skog og reiskapar. I 2026 skal borna blant anna få vere med på å lafte ei lita løe.

TREseminaret blir arrangert for 21. gong og samlar deltakarar frå heile landet.

Praktisk informasjon

  • Tid og stad: 20.–26. april 2026, Hjerleid på Dovre
  • Påmelding: treseminaret.no
  • Påmeldingsfrist kurs: 1. april
  • Kveldsforedrag: Gratis og ope for alle

Sjå vedlagde filer for fullstendig program og kursoversikt, eller les meir på treseminaret.no.