Føresegnene for gjerde på Lemonsjøen finn ein på denne lenka under punkt 2.
· Det er tillate med inngjerding med inntil 50 løpemeter pr. tomt som omtalt under.
o Gjerde skal vere mellom 0,9 og 1,2 meter høy og skal vere festa i vegg i båe endar.
o Gjerde skal utførast i trevyrkje og ha ei utforming og fare som harmonerer med bygningsmiljøet.
o Gjerde skal tilverkast slik at beitedyr ikkje kan kome til skade.
o Portal er ikkje tillate.
o Grind(er) skal slå utover, og grind skal telje med i talet løpemeter.
o Kryperom under terrassar og veranda skal lukkast og haldast ved like, slik at småfe ikkje kan koma innunder og setje seg fast. Stengsel under veranda/terrasse skal ikkje
reknast med i tal løpemeter.
o Stigar, råk og naturlege ferdselsvegar skal ikkje stengast med gjerde eller grind.
o Rekkverk/gelender på veranda/terrasse/platting skal ikkje telje med i talet løpemeter.
o Gjerde mellom nabotomter kan ikkje koplast saman og gjerde kan ikkje settast opp nærare eigedomsgrense enn 2 meter, for å sikre fri ferdsel mellom hyttetomter.
Det skal vera minst 4 meter mellom gjerde på nabotomter.
o Det må innhentast skriftleg løyve frå grunneigar før det kan gjerdast.
o Vågå kommune har etter plan- og bygningsloven ansvaret for at gjerdeføresegnene blir følgd.
For fritidsbustader utanfor regulerte område gjeld føresegnene som ein finn på denne lenka under overskrifta "Retningsline for gjerde, flaggstenger mv".
Det er tillate med inngjerding med inntil 50 løpemeter pr. tomt som omtalt under.
o Gjerde skal vere mellom 0,9 og 1,2 meter høy og skal vere festa i vegg i båe endar.
o Gjerde skal utførast i trevyrkje og ha ei utforming og fare som harmonerer med bygningsmiljøet.
o Gjerde skal tilverkast slik at beitedyr ikkje kan kome til skade.
o Portal er ikkje tillate.
o Grind(er) skal slå utover, og grind skal telje med i talet løpemeter.
o Kryperom under terrassar og veranda skal lukkast og haldast ved like, slik at småfe ikkje kan koma innunder og setje seg fast. Stengsel under veranda/terrasse skal ikkje
reknast med i tal løpemeter.
o Stigar, råk og naturlege ferdselsvegar skal ikkje stengast med gjerde eller grind.
o Rekkverk/gelender på veranda/terrasse/platting skal ikkje telje med i talet løpemeter.
o Gjerde mellom nabotomter kan ikkje koplast saman og gjerde kan ikkje settast opp nærare eigedomsgrense enn 2 meter, for å sikre fri ferdsel mellom hyttetomter.
Det skal vera minst 4 meter mellom gjerde på nabotomter.
o Det er på uteplass/terrasse/veranda tillate å føre opp ein veggfast levegg med lengde inntil 4 meter og høgde inntil 1,8 meter. Det er ikkje tillate å føre opp leveggar utover
dette. Levegg skal ikkje telje med i talet løpemeter gjerde.
o Små vindmøller (rotordiameter mindre enn 1,5 m og høgde inntil 4 m) er berre tillate i område utan infrastruktur, og då som eit supplement til solcelleanlegg. Ei vindmølle
er tillate per fritidseigedom. Det stillast krav om søknad.