Til næringsdrivande i sentrum med planlagde byggeprosjekt!

Dei nye faresonekarta som NVE har presentert viser at store deler av Vågåmo sentrum er i flaumsone for 200 års flaum og 1000 års flaum. Dette betyr at alle nye byggeprosjekt, enten det er nybygg eller bruksendring, må dokumentere å ha tilstrekkeleg sikkerheit slik det er krav om i TEK 17 før de kan bli godkjent. Dette gjeld også reguleringsplanarbeid og frådeling.   

Vågå kommune har difor gjort avtale med NGI om å få gjort nødvendige analysearbeid, foreslå tiltak og dokumentere tilstrekkeleg sikkerheit på det planlagde byggeprosjektet på Vågåheimen, slik at vi kjem vidare med prosjektet som nå er klart til å legge ut på anbod.

Vi er klar over at det er fleire byggeprosjekt i sentrum i Vågåmo som har same behov for utredning og dokumentasjon, difor er det gjort avtale med NGI om at andre også kan nytte den kompetansen som NGI nå har om Vågåmo sentrum for å få bistand til nødvendige utgreiingar på sine prosjekt. Kostnadene med arbeidet som NGI gjer vil bli delt mellom alle aktørane og fakturert i etterkant av oppdraget. Før oppstart av utredningsarbeidet på kvart prosjekt vil det bli gjennomført eit oppstartsmøte på Teams der NGI orienterer om arbeidsprosessen og orienterer om kostnader for arbeidet. Utredningsarbeidet på Vågåheimen har ei ramme på ca. kr. 80.000 + mva. Ved å samkøyre fleire prosjekt i same modell og gjennomføre ei felles simulering så vil kostnaden for kvar enkelt bli langt lågare enn dette.

Det vi treng nå er ei attendemelding på om dette er aktuelt for prosjektet dykk er i gang med. Når vi har fått "påmelding" så går vi vidare til NGI med ei foreløpig bestilling på vegner av alle prosjekta. Dette er fyrst bindande for kvar enkelt når oppstartsmøtet er gjennomført, kostnader er stipulert og det er sendt ut oppdragsavtale til kvar enkelt. Vågå kommune gjennom sentrumsutviklingsprosjektet vil koordinere arbeidet.

NVE ser positivt på at det blir gjennomført ei samla utredning og alt av materiell frå moglegheitstudiet for sikring av Vågåmo er stilt til fri bruk for dette arbeidet.

Vi ber om at de som ser at dette er aktuelt for sitt prosjekt tek kontakt med Vågå kommune så snart som råd.

Kontaktpersoner:

Steinar Løkken, prosjektleiar, tlf 45 00 54 20

Pål Inge Sanden, kommunalsjef, tlf 41 47 40 46 

Kontakt

Steinar Løkken
Prosjektleiar
Mobil 450 05 420
Pål Inge Sanden
Kommunalsjef
Mobil 414 74 046