Testing av elevar

Det meste av den kjente smitten i Nord-Gudbrandsdalen er knytta til Dovre og vidare til Vidaregåande skule på Otta. Vi har difor følgande melding til elevane i Vågå som er tilknytta den vidaregåande skulen på Otta:

Alle som er i karantene og som ikkje er testa- skal testes. Alle som har symptom skal testes. I samråd med Sel kommune og den vidaregåande skulen ynskjer vi også at dei øvrige elevane kjem og testar seg. Teststasjonen i Vågå er tilgjengeleg for dykk i dag mellom kl 10.00-13.30. Ring og avtal tidspunkt på koronatelefon, eller møt ved teststasjonen på helsesenteret i dette tidsrommet. Elevane tilknytta skulen unngår å møtes på fritida og begrense sosial kontakt. Vi ber om at alle held seg til dei retnigslinjer som er gjeve frå skule og smittesporingsteam inntil ny avklaring foreligg.