Dette skjer når Nødvarselet blir testa:
- Testen blir utløyst mellom kl. 11.55 og 12.10 den 14. juni 2023
- Når du mottek testen vil telefonen vibrere og spele ein høg, sireneaktig lyd i ca. 10 sekund
- Ein tekst på norsk og engelsk vil dukke opp på skjermen. I teksten står det at dette berre er ein test
- Varselet kan "dras" vekk eller fjernast ved å trykke "ok" (Dette avheng av kva type telefon og operativsystem du har)
Om du ikkje ønskjer å motta varselet, må du anten sette telefonen din i flymodus eller skru den heilt av før og gjenom det aktuelle tidsrommet
Testen går ut til alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som finst i Norge og som er kopla på 4G/5G.
Testen blir gjenomført både for at vi som innbyggjarar skal oppleve korleis det er å få eit Nødvarsel, samt for å sikre at systemet virkar som det skal
Meir informasjon om testen