Test av nasjonalt naudvarsel på mobil

Onsdag 12. januar,  ca kl 12.00, blir det gjennomført ein test av nasjonal naudvarsling til mobil, samt tyfonanlegg der dei finst.

Dette skjer i samband med testen

  • Testen blir utløyst mellom klokka 11.55 og 12.10 den 10. januar 2024
  • Når du mottek testen vil telefonen din vibrere og spele ein høg, sireneaktig lyd i ca. 10 sekund
  • Ein tekst dukkar opp på skjermen, og i teksten står det at dette berre er ein test
  • Varselet kan "dras" vekk eller fjernast ved å trykke "ok" (Dette avheng av kva type telefon og operativsystem du har)
  • Teksten i varselet kjem i to språkversjonar - éin norsk, der teksten står på bokmål og nynorsk, og éin engelsk. Kva telefon du har og kva språkinnstillingar du har, avgjer om du får varsel på norsk, engelsk eller på båe språk

 

Du kan og lese meir om varselet på nodvarsel.no

 

Kven får testen

Testen går ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som befinn seg i Norge og som er kobla på 4G/5G kan motta testen.

Hugs å oppdatere telefonen din, slik at du har den nyaste programvara fra operatøren din. Om du ikkje har ein oppdatert telefon, kan det hende du ikkje mottek testen.

Om du ikkje ønskjer å motta testen, må du sette telefonen i flymodus eller skru den heilt av i god tid før og etter klokken 12 den 10. januar. Lydløs, lav lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt.

 

Illustrasjonsbilete som viser test av naudvarsel på mobilskjerm - Klikk for stort bildeTest av naudvarsel på mobil SMK