Støttekontaktar kan besøkje sine brukarar

Vågå kommune har i samråd med kommuneoverlege vurdert at støttekontaktar kan besøkje sine brukarar som tidlegare. Oppdraget kan gjennomførast så sant du følgjer råda frå helsemyndigheitene.

Du som støttekontakt må avklare med dine brukarar om oppdraget skal gjennomførast eller utsettast. 

Alle støttekontaktar som ikkje besøkjer sine brukarar skal ringe minst ein gong i veka.

Formål med telefonsamtalen er at brukarar skal ha sosial kontakt, samt å avdekke behov for bistand med handling eller andre gjeremål.

Om brukarar har behov for bistand med handling så må dei opprette handlekonto på Coop Mega Vågå. Oppretting av handlekonto på Mega: ring Coop Ottadalen Lom på telefon 99 21 17 00.

Kiwi Vågå har førebels ikkje handlekonto for privatpersoner, men dette kan bli endra. 

Ved spørsmål om støttekontakttenesta ta kontakt med Guro Einbu, 97 05 26 50.