Støtteforing av rådyr

På grunn av dei store snømengdene denne vinteren, vart det frå Vågå kommune søkt om løyve til å opprette 20 foringsplassar for rådyr.

Mattilsynet har behandla og innvilga søknaden. Dei skriv i vedtaket at snømengdene denne vinteren kan påføre rådyr store lidingar og at ein tillatelse såleis er i tråd med regelverket. Det har heller ikkje vore påvist skrantesjuke (CWD) hos hjortevilt i Gudbrandsdalen.

Det blir stilt som vilkår at kvar foringsplass blir nøye overvaka for å oppdage evt sjuke dyr.

Dispensasjonen gjeld for perioden 7. februar 2018 til 31. mars 2018.

Vedtaket er fatta med heimel i forskrift om tiltak for å begrense spredning av CWD §6 Forbud mot å legge ut fór og slikkesteiner til ville hjortedyr.

Kontakt

Ingunn Moen Helland
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 909 90 488