Status fiberutbygging i Vågå

I Vågå er det i dag fem pågåande breibandprosjekt; utbygging i Garmo-Storviksroe, Vågåmo-Lalm langs Rv15, Vågåmo–Tessand, Øvre del Øygardsvegen, Rustvegen og Skogbygda-Skårvangen. Utbyggjar i dei to første områda er HomeNet, og Eidsiva Bredbånd er dei som byggjer i resten av områda.

Det har storma rundt breibandsatsinga i Nord-Gudbrandsdalsregionen den siste tida. Vi ønskjer difor å dele status på prosjekta og seie litt om årsaka til at nokre av dei er svært forseinka.

Skogbygda-Skårvangen

Eidsiva bredbånd sitt prosjekt i Skogbygda-Skårvangen er det fleire gonger blitt meldt utsetjing på. Nokre kundar er kobla opp på fiberen. For nokre dagar sida vart 21 kundar kontakta direkte av Eidsiva bredbånd med melding om ytterlegare forseinkingar. Både kommunen og Eidsiva bredbånd tykkjer begge at dette er svært uheldig då mange innbyggjarar må vente lenge på å få levert den tenesta dei har tinga.

Eidsiva Bredbånd venter på å få ført fiberen i luft over eit elvejuv og ein del graving som vert gjort etter at telen er borte til våren. Dei melder at dei håper at alle dei 21 gjenståande kundane skal være på nett i løpet av våren/sommaren.

Vågåmo-Lalm langs Rv15

Vågåmo-Lalm langs Rv15 var eitt av områda kor HomeNet sin plan var å bruke Brunbjørn som underentreprenør. Dei har no inngått ny avtale med selskapet BraCom.

BraCom er godt i gong med detaljplanlegginga for utrulling av fiber i området. Hovuddelen av gravinga vil skje i 2023, men det vil verta gjort noko inneverande år og. HomeNet kjem med meir informasjon om viktige milepælar i god tid før arbeidet gravearbeidet i 2023.

Garmo-Storviksroe

Dette prosjektet er i rute og etter plan skal det leverast fiber her før 31.12.2022. Prosjektet er felles med Lom kommune.

Vågåmo–Tessand, øvre del Øygardsvegen, Rustvegen

Vågå kommune har signerte kontrakt med Eidsiva bredbånd i sommar for fiberutbygging i desse områda. Her vert det i løpet av kort tid starta opp med sal.

 

Trygge på planen som no er framlagt

HomeNet er lei seg for forseinkinga i prosjektet, men dei melder at dei er trygg på at med planen som no er lagt fram, vil dei kunne sluttføra prosjektet på ein god måte.

Kommunen er glad for at HomeNet tok tak i problemet og har raskt komme på bana med nye planar og ny underentreprenør.