Sommar! - sommaravslutning i Vågå kulturskule

Årets sommarframsyning for Vågå kulturskule er 13.juni klokka 19.00, Vågå kulturhus

Onsdag 13.juni klokka 19.00 er det klart for ny sommarframsyning med kulturskulen sine elevar og lærarar. Vågå kulturhus er staden. Vener og familie og alle kulturinteresserte er hjarteleg velkomne til å dele ein kveld med oss.

Her vil du få smakebitar frå kva mange av elevane våre har arbeidd med dette skuleåret. Ei framsyning med ungdommelig glede, liv og kvalitet!

Kontakt

Anita Moe
Kulturskulerektor
Mobil 901 58 217

Underviser også i fløyte og teater.