Vågå kommune har to kommunale barnehagar og ein privat barnehage.
- Lalm barnehage
- Søre Grindstugu barnehage
- Tytingen gards- og naturbarnehage
Les meir om alle barnehagane
Dette seier barnehageloven
§16 Rett til plass i barnehage
- Barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august i samsvar med denne lova med forskrifter.
- Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage innan utgangen av den månaden barnet fyller eitt år i samsvar med denne lova med forskrifter.
- Retten til plass fell bort om ein ønskjer seinare oppstart, og dei som er fødd i desember har ikkje rett på plass.
- Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er busett.
Desse opptakskriteriane gjeld ved opptak, jf. Barnehageloven
- Barnehageloven §18
- Minoritetsspråklege
- Sysken i same barnehage
- Alder
- Barn som ynskjer overføring til andre barnehagar
Ved søknad innan 1. mars skal det bli søkt på inntil to alternativ av barnehagar, i prioritert rekkjefølgje. Dersom det er for mange søkjarar til ein av barnehagane, får barnet tilbod om plass i ein annan barnehage.
Barn som allereie går i ein barnehage i Vågå, treng ikkje søkje på nytt, berre om ein vil endre plasstype eller barnehage.
Søknadsskjema