Smitteregistrering ved positiv sjølvtest

Det er frå i dag innført nye rutinar kring smitteregistrering. Her finn du informasjon om framgangsmåte ved positiv sjølvtest

Positiv sjølvtest - digital registrering

Dette gjeld:

  1. Alle som har testa positivt på ein sjølvtest må isolere seg og seie ifrå til sine nærkontakter
  2. Alle som har testa positivt på ein sjølvtest må registrere seg

Registrer positiv sjølvtest for deg sjølv eller ditt barn her (innlogging med BankID)

 

Alle treng ikkje ta ein PCR-test

Frå 24. januar gjeld nye anbefalinger frå nasjonale myndigheiter.  Alle treng ikkje lenger å ta ein bekreftande PCR-test ved helsesenteret etter å ha teke ein sjølvtest som er er positiv.

 

Desse treng ikkje ta ein PCR-test

Personar som har fått oppfriskningsdose (dose 3)

Personar som har fått 2 doser koronavaksine og deretter gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste 3 månadene.

Viss dette gjeld deg, kan du rekne den positive sjølvtesten som eit sikkert svar og følge reglane for isolasjon.

 

Desse bør ta PCR-test

  1. Barn og ungdom mellom 0-16 år

  2. Personar med primær eller sekundær immunsvikt, herunder organtransplanterte og immunsupprimerte.
  3. Uvaksinerte og delvaksinerte personar utan oppfriskningsdose som har behov for koronasertifikat
  4. Personer som søker helsehjelp, der bekrefting er viktig for diagnostikk, differensialdiagnostikk og behandling.

Hvis dette gjeld deg ring 61 29 37 00/95 25 39 90  for å bestille tid for PCR- test.

 

Om du ikkje kan registrere deg digitalt

Om du ikkje har bankID eller ikkje får registrert testen digitalt, ring helsesenteret i Vågå på 61 29 37 00 / 95 25 39 90.

 

Kva er reglane for smittekarantene nå?

Husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære til ein smitta person skal som hovedregel i smittekaranten. Dei skal også teste seg så snart som mogleg. Det er nokon viktige unntak frå smittekarante. Sjå meir om reglane for smittekarantene

Øvrige nærkontakter har ikkje plikt til smittekarantene. Dei anbefalast å teste seg på dag 3 og dag 5 etter eksponering. Dei bør også følge nøye med etter symptomer i 10 dager.