Slik får du viktige meldingar frå Vågå kommune

Vågå kommune nyttar varslingssystemet Varsling 24 for å varsle innbyggarane om viktige hendingar i kommunen. Varsling 24 varslar via SMS, e-post, og talemelding til fasttelefon.

Kommunen informerer ved aktuelle, viktige hendingar. Det kan vere ved stenging av vatn, stengte vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre forhold som krever rask informasjon, som i desse dagar med oppdatering om corona-situasjonen.

Korleis finn vi deg?

Det blir nytta tre ulike registre for å nå ut med informasjon til deg:

1) Privatpersoner:

Kontaktinformasjon blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi oppmodar deg å legge inn ditt mobiltelefonnummer og di epostadresse i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste henvendelser frå det offentlege vil hente kontaktinformasjon herifrå, t.d. i samband med skatteoppgjeret. Oppdatering kan du gjere på denne sida

2) Bedrifter:

Ved varsling av bedrifter, skjer det med bakgrunn i oppføring i Enhetsregisteret. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå Digitaliseringsdirektoratet/Altinn. Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som undereining hos Brønnøysundregistra 

3) Tilleggsregister:

Tilleggsregister kan du nytte om du ønskjer å motta varsel for ei bedrift eller for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadadresse på.  

Har du ikkje fått varsel?

1) Er du folkeregistrert på din adresse?

2) Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon?

Kva kan du gjere?

Oppdater dine opplysninger og meld alltid flytting til Folkeregisteret. Du kan og registrere ditt telefonnummer på di adresse i Tilleggsregisteret. Husk å endre hvis du flytter. Tilleggsregisteret er konfidensielt og blir nytta kun av Vågå kommune. 

Registrer ditt telefonnummer i kommunen sitt tilleggsregister

Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Privat)

 

FAQ

 

Korleis virker varslinga?

Meldinga blir sendt som SMS til mobiltelefonar, som epost og/eller som automatisert telemelding til fasttelefon. Talemelding blir lest inn som "tekst til tale". På slutten av meldinga blir du beden om taste:

1 - for å stadfeste at du har motteke meldinga

9 - om du ønskjer å høyre meldinga ein gong til

På grunn av utfordringar med "tekst til tale" på nynorsk, noko som gjer at opplest tekst blir tilnærma uforståeleg, blir meldingane sendt på bokmål.

Er mitt mobilnummer registrert?

Vi sender varsling til alle som er folkeregistrert på ei berørt adresse i Folkeregisteret og hentar dine kontaktopplysningar frå Digititaliseringsdirektoratet sitt kontaktregister. Så lenge du har registrert dine kontaktopplysningar i Digitaliseringsdirektoratets kontaktregister/Altinn vil du bli varsla. Di oppføring kan du sjekke ved å logge deg inn her 

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Om du likevel ønskjer å få varsel frå oss, kan du registrere deg med ei tilleggsoppføring. Kryss av for "hemmeleg nummer".

Korleis får eg varsel for andre adresser enn mi eiga bustadadresse?

På varslemeg.no kan du leggje inn tilleggsadresser som du ønskjer varsel for. Dette kan gjelde barn i studentbustad, bustaden til foreldra dine eller ein fritidseigedom. Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer"
  • Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "Send"
  • Du mottek ein kode på sms, som du brukar for å logge deg inn
  • Her kan du leggje til andre adresser du vil bli varsla om. Namn = den som bur på adressa du registrerer

Eg bur i burettslag/blokk/sameige. Blir alle på mi adresse varsla?

Alle einingar i eit burettslag eller sameige blir varsla om du er registrert i «kontaktregister for offentleg forvaltning».

Korleis finn eg ut om mine foreldres adresse er i ein kommune som brukar Varsling 24?

Ta kontakt med den respektive kommunen for å høyre om dei brukar Varsling 24.

Korleis kan eg sjå kva adresser eg får varsel for? 

På varslemeg.no kan du sjekke andre varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer, utover di offisielle bustadsadresse som du er registret med i «kontaktregister for offentlig forvalting». Slik gjør du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "Send".
  • Du mottek ein kode på sms, som du bruker for logge deg inn. Her ser du lista over adresser registrert på ditt mobilnummer.
  • Her kan du og slette adresser eller legge til fleire.