Skulane og barnehagane går føre med opprydding etter flaumen

Etter flaumen i oktober ligg det store mengder avfall og glasopor langs Ottavassdraget. Eit koordinert arbeid er no sett i gang for å sikre opprydding.

Barnehagane og skulane i Vågåmo og på Lalm går føre som gode eksempel, og tek ein ryddedugnad tysdag 20. november.

Dei vil bruke dagen til å rydde så mykje som råd i området frå Finnbrua og mot Vanglandet, som er eit svært populært turområde. 

Ønskjer du og å bidra?

Andre som ønskjer å bidra til oppryddinga, kan få utdelt sekkar i servicetorget på kommunehuset. Det er plassert ut containarar i Vanglandet, ved YX og ved Coop på Lalm. Det er også mogleg å levere på miljøstasjonen. Berre sei frå at det gjeld opprydding etter flaumen.

Er du grunneigar i flaumområdet

Alle grunneigarar er spesielt oppmoda om å ta ei opprydding på eigen eigedom før vårflaumen kjem. Ansvaret for grunneigar er også heimla i forureiningslova §28. Glasopor AS kan også kontaktast om sekker, container eller inntransport av innsamla glasopor. Sjå Glasopor AS sine sider for meir informasjon