Oppstart er planlagt i veke 22, og innbyggjarane vil kunne merke ein del aktivitet i områda Sel, Skårvangen og Tessanden, der arbeidet i hovudsak vil finne stad langs hovudvegar og eksisterande linjetrasear.
Om arbeidet
Saneringa omfattar fjerning av gamle stolpar og kabelstrekk som er frigitt for dette formålet. Det er viktig å merke seg at:
- Stolpar med straumførande kablar blir ikkje fjerna. Desse er eigd av straumselskapa.
- Det same gjeld stolpar som inneheld, eller skal innehalde, fiberkablar.
Arbeidet er regulert av vedtak frå Nasjonal Kommunikasjonsmyndigheit (NKOM), og vil gå føre seg over fleire år.
Viktig informasjon til grunneigarar og innbyggjarar
Deler av arbeidet vil skje på privat grunn.
Privat utstyr som t.d. antenner, utelamper o.l. montert på stolpar må fjernast før arbeidet startar.
Det er ikkje høve til å overta gamle stolpar etter sanering, då desse inneheld miljøgifter og må destruerast på forsvarleg vis i samsvar med gjeldande regelverk.
Linjeproff AS har varsla Fjellnett AS, sett inn annonse i lokalavis og søkt om arbeidsvarsling.
For meir informasjon, ta kontakt med Linjeproff AS:
Jørn-Bjarne Johansen 905 81 929
Ronny Østli 909 97 114
sanering@linjeproff.no
Her er kart over stadane det blir arbeidd på i Innlandet:
Klikk her for å sjå kartet på Google maps.
