Runde 7 - kommunal kompensasjonsordning for lokale bedrifter

Vågå kommune er tildelt kr 308.000,- til kommunal kompensasjonsordning nr 7 for lokale bedrifter. Hensikta med midlane er å avhjelpe situasjonen i kommunar med næringsliv som vart ramma av smitteverntiltak, innført i november/desember 2021.

Verksemder innanfor hotell- og restaurantdrift, servering, overnatting, opplevelsesnæring, sports- og fritidsaktivitetar, kunstnarisk verksemd og underhaldning vil bli prioritert i forbindelse med tildeling.

Meir informasjon om ordninga kan du finne på Regionalforvaltning sine sider eller ta kontakt med næringskoordinator Live Brimi i Vågå kommune

Kontakt

Live Brimi
Næringssjef
Mobil 990 28 322