Rådgjevande folkerøysting i Innlandet fylkeskommune 10.- 17. februar 2022

Gje di røyst ved folkerøystinga om Innlandet

 

Har du adresse i Innlandet og fyller minst 16 år i løpet av 2022? Då kan du røyste. Vi kan rettleie deg dersom du treng det.

Gi di stemme her

For å røyste ved rådgjevande folkerøystinga gjeld følgjande:

  • Du må ha bustadadresse i Innlandet (folkeregistrert adresse 1.1.2022)
  • Dessutan må du ha fylt 16 år innan utgangen av 2022
  • Du må vera norsk statsborgar
  • Om du ikkje er norsk statsborgar, kan du likevel røyste dersom du har budd i ei kommune i Innlandet dei tre siste åra før 1.1.2022 (det må vera folkeregistrert adresse)
  • Er du statsborgar i eit annet nordisk land, og er registrert i folkeregisteret som busett i Innlandet seinast 31. desember 2021, har du også røysterett.
  • Sjå om du kan røyste 

Digital folkerøysting
Folkerøystinga er digital. For å røyste må du ha elektronisk ID som MinID eller BankID. Det kan ta opptil ei veke å få dette på plass. Kontaktinformasjon for hjelp til og få eller bruke elektronisk ID:

  • MinID: Ring brukarstøtte på 80 03 03 00 eller send e-post til brukerstotte@digdir.no
  • BankID og BankID på mobil: Ta kontakt med banken din 

MinID og BankID er personlig, og skal ikkje brukast av andre enn deg sjølv. Du kan få hjelp til sjølve røysteprosessen, til å navigere og kor du skal trykkje for å avgje stemme, men koder og passord skal ikkje delast med andre.

Dersom du trenger hjelp til å logge deg inn for å stemme ber vi deg om å ta kontakt med pårørande, verje eller annan som står deg nær. Om du er busett i Vågå og ikkje har nokon til å hjelpe deg tilbyr Vågå kommune følgjande: 

  • Du kan få rettleiing i Servicetorget på kommunehuset kvardagar kl. 08-15 i valperioda. Vi har PC. Hugs elektronisk ID!
  • Ta kontakt med servicetorget innan måndag 14. februar kl. 15 dersom du grunna sjukdom eller uførheit ikkje kjem deg til kommunehuset og må røyste der du oppheld deg. Hugs elektronisk ID! 

Les meir om folkerøystinga i informasjon gjeve av Innlandet fylkeskommune
Fylkeskommunen har oppretta ein telefon for de som trenger hjelp og rettleiing.
Telefon:              400 21 227
Opningstider:    08.00–20.00 på kvardagar  10.00–15.00 laurdag og sundag

Du kan også sende spørsmål på e-post: stem@innlandetfylke.no

Du røyster anonymt 
Sjølve avrøystinga  skjer på ei sikker plattform, og du er garantert at namnet ditt ikkje kan knytast til kva du røyster.