PEFC Skogstandard - krav om kurs ved leveransevirke

PEFC skogstandard vart revidert no i mars. Skogeigarar som skal hogge sjølv eller planlegg og administrerer drift i eigen skog må ta kurs for dette

Leveransevirke vil seie at tømmeret er solgt gjennom t.d. Glommen Mjøsen Skog, men at du sjølv har stått ansvarleg for hogst, framkøyring og leveranse. Om du framover skal hogge sjølv, eller administrere drifta sjølv og bruke innleigd entreprenør, må du ta kurs for å få levert tømmeret. 

Skogeigarar kan sjølv ta kurset heime, digitalt: https://www.glommen-mjosen.no/nyheter/skogeiere-som-hogger-selv-ma-ta-pefc-kurs/

Men, kommunen kan bistå med å arrangere følgjande:

Bjørnar Sørbøen frå Skogkurs kjem og instruerer/held kurset på kommunehuset i Nord-Fron.

Ved deltaking denne dagen er kurset bestått.

For påmelding og meire informasjon, kontakt skogbrukssjef Torje Bjørke tlf. 41 67 46 44