Vaksinasjonsplan/-status:
Antal doser satt totalt
|
3 603
|
Tal personar med minst 1 dose
|
2 359
|
Tal fullvaksinerte
|
1 244
|
Plan for vaksinasjon denne veke
|
Personar i trinn 9 (45-55 år) og gruppe 10 (18-24 år og 40-44 år)
|
Plan for vaksinasjon i veke 31
|
Ingen vaksinasjon
|
Plan for vaksinasjon i veke 32
|
Alle i trinn 10 (18-24 år og 40-44 år) og trinn 11 (25-39 år) skal nå ha fått tilbod om si fyrste dose. Dette avheng av at vi får det antall doser vi er forspegla. Dette veit vi ikkje enda. Dette gjeld veke 32.
|
|
|
Antall vaksinedosar vi får veit vi ikkje før ei veke før. Døkk som får tilbod om vaksine vil få ein sms med timeavtale til vaksinering. Hugs å ringe helsesenteret (tlf. 61293700) om timen slett ikkje passer. Alle må prøve så langt som råd å ta imot tidspunkt til vaksineringa dei har fått. Dersom du er sjuk hugs å gje oss beskjed om dette. Dette er veldig viktig for at vi skal få brukt alle vaksinane etter oppsett plan.
Det er 12 vekers intervall mellom 1. og 2. dose. For personar i risikogruppa er intervallet mellom 1. og 2. dose 6 veker.
Er du ungdom og skal studere i utlandet treng du kanskje å bli fullvaksinert før studiet startar. Nokre land krev dette. Ta kontakt med helsesenteret.
Koronavaksinasjonen vil gå føre seg i Vågåhallen, onsdagar.
I forkant av vaksinasjonen skal du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. På Vågå kommune si heimeside ligg det ein link til dette skjemaet. Fint om du har dette med deg ferdig utfylt. Treng du bistand til å fylle ut skjema eller treng du skyss til vaksinasjonsstaden så meld frå om dette.
Namn på vaksinen: Pfizer/Comirnaty.
Er du født i 1981 eller tidlegare eller i tidsrommet 2003-1997 og ikkje har motteke innkalling eller tilbod om vaksinering så gje oss beskjed.
Sjå link ang. Prioriteringsrekkefølga frå fhi.no:
https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/
Har du fastlege i anna kommune, ta kontakt med oss for å få time til vaksinering om du ikkje har fått innkalling.