Oransje farevarsel for styrtregn på austlandet

Yr.no har sendt ut farevarsel på oransje nivå for "svært kraftige regnbyger", som også inkluderer Oppland. Det er svært store lokale variasjonar i meldinga, og det er difor usikkert om dette når Vågå og i kva omfang, men varselet gjeld frå i ettermiddag og fram til fredag morgon.

Med moglegheit for større nedbørsmengder kjem og fare for jordskred, samt flaum i mindre bekker og sideelver. Eit godt førebyggande tiltak er å reinske stikkrenner og kummer, slik at vatnet kan renne uhindra.

Det er mogleg å følgje med på nedbørsradaren på yr.no