Oppstartsmelding for to verneområde i Vågå

Statsforvaltaren har sendt ut oppstartsmelding av verneprosessar for to område i Vågå kommune - 

  • Utviding av eksisterande Vistehorten naturreservat
  • Oppretting av Svarthåmårbekken/Søre Åi naturreservat

Aktuell verneform vil vere naturreservat (§ 37 i naturmangfoldlova). Dette inneber eit strengt vern med forbod mot fysiske inngrep og motorferdsel. Ei framtidig verneforskrift vil m.a. regulere tiltak som vesentleg kan endre verneverdiane angitt i verneformålet. Naturreservat har som føremål å verne område som inneheld truga, sjelden eller sårbar natur eller på annan måte har særleg betydning for biologisk mangfald. Tradisjonelt friluftsliv, jakt, bær- og matsopplukking og beiting vil vere tillate.

Statsforvaltaren melder at det vil kome meir informasjon om områda i samband med høyringa som er planlagt seinhausten/vinteren 2023/2024.

Om det er merknadar til saken som Statsforvaltaren bør ta hensyn til under utarbeiding av eit konkret høyringsforslag, ber Statsforvaltaren om at desse blir sendt til Statsforvalteren i Innlandet, Postboks 987, 2604 Lillehammer eller til e-post sfinpost@statsforvalteren.no senest 3. november 2023.

Sjå Statsforvaltaren sine nettsider for meir informasjon og elektronisk skjema for innsending av merknadar