Oppstart breibandsutbygging Skogbygda - Skårvangen

Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal har inngått avtale med Eidsiva Bredbånd om utbygging av fibernett i regionen. Det er Skjåk Energi og Eidefoss Nett som står for sjølve utbygginga, med sine underentreprenørar.

I den situasjonen vi er i no, med tanke på koronasituasjonen, er det bestemt at det ikkje blir halde ordinære informasjonsmøte for dei aktuelle områda som står for tur med utbygging.

Dei som ønskjer breiband må gå inn på nettsida som er etablert for prosjektet og registrere seg der.

Side for registrering finner du hos Eidsiva Bredbånd

Vi gjer merksam på at det berre er husstandane innafor dei aktuelle områda, som det er lagt ut kart over på nettside, som har moglegheit til å få fiber til heimen i denne omgang.

Utbygginga vil starte i løpet av våren, men det er førebels ikkje lagt ein detaljert plan for endeleg rekkefølgje på områda. Fristen for ferdigstilling for alle dei aktuelle områda er november 2021, men ein del av områda vil bli kopla opp før den tid.

Har du bedrift innafor det aktuelle området, må du ta kontakt direkte med Eidsiva for å høyre om det er moglegheiter for å få fiber til bedrift i samband med denne utbygginga.