Oppstart av planarbeid – endring av reguleringsplan for Vågåmo vassverk

Vågå kommune varslar med heimel i pbl § 12-14 jf. § 12-8 oppstart av planarbeid for endring reguleringsplan for Vågåmo vassverk.

Vassverket i Vågåmo ligg ved Vanglandet rett aust for Vågåvatnet. Formålet med planarbeidet er å sikre kommunen råderett over vegtilkomsten til vassverket, og at kommunen kan gjennomføre grunnerverv av vegen med tilhøyrande sideareal.

Frist for innspel til planarbeidet er 10. august 2017.

Oppstartvarselet er lagt ut på servicetorget i kommunen. Grunneigarar innafor planområdet er varsla særskilt ved brev.

Kontakt

Ingunn Moen Helland
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 909 90 488